Årsmøte, Nordvestlandske krets, november 2019

29.11.2019

På årsmøtet i november 2019 besøkte vi Slettvoll AS. 

Der fekk vi ein presentasjon av bedrifta, samt at Tore Håvold presanterte bruk av 3D og printing i produksjon av bekledning. Her er ei oppsummering av dagen:

Slettvoll

Produksjonssjef Morten Falch Aure ynskte oss velkomen til Slettvoll. Morten fortalte Slettvoll si historie, før han snakka om dagens bedrift og tankar om framtida.

Frå å vere ein leverandør til møbelkjedene, har dei no eigne butikkar, der dei vil gi kunden ei oppleving der målsetninga er selje møblar.

Den 19.butikken har no vorte opna, denne gongen i København, som den fyrste i Danmark.

I tillegg til å levere ein standard kolleksjon, kan kundane få skreddarsaum på sine utvalde produkt. Om du til dømes ynskjer å endre bredda på stolen, ordnar dei det.

Møblane frå Slettvoll skal skilje seg ut, det skal vere handverk og det skal vere fokus på detaljar og kvalitet. Dette gjeld sjølvsagt òg i butikkane. Opplæringa av dei tilsette i butikkane er omfattande. For å bli ein god Slettvoll-seljar, må du ha kunnskap om både produkta og bedrifta.

For at alle produkta som kunden kjøper skal kome fram til same tid, er logistikken viktig. Kundane brukar til dels store summar på produkta, og då må alt går som planlagt.

Som vanleg var gjengen klar for omvising i fabrikken, og det var ein interessert gjeng som fekk sjå produksjonen. Dei 40 tilsette i produksjonen er tydleg kvalitetsbevisste, noko vi fekk sjå på vår runde rundt i fabrikken.

At bedrifta levera tidlause produkt, er synleg mellom anna i at modellar frå 2004 framleis er til sals. Ein liten kuriositet; Slettvoll er eit av dei mest søkte orda på www.finn.no.

3D - prøv på kleda før du klipper stoffet

Med hjelp av film og bilete, presenterte Tore Håvold korleis vi kan å designe og produsere klede ved hjelp av 3D.

Med AccuMark 3D får du sjå plagget før du klipper og syr det. Det gjer at ein kan sjekke mønster og fasong før ein brukar tid og pengar på å lage prøver.

I korte trekk kan du scanne modellen, slik at du får ein nøyaktig avatar. Foreløpig er det ein «hard» avatar, men den vil kanskje «mjukne» etter kvart? Det vil nok krevje tid, ressursar og ikkje minst datakapasitet.

Eit arkiv med oversikt over materialtype, elastisitet, tjukkelse og anna informasjon vil gjere det mogeleg å få bilde der avataren har på seg produktet du vil produsere. På avataren kan du gjere endringar på lengde, stoff, mønster osv, og du vil få simulert endringane etter kvart. Slik kan du avgjer korleis sluttproduktet skal bli før du set det i produksjon, og difor spare tid og materiale.

Printing

Printing gjer det mogeleg å tilpasse same plagget uavhengig av størrelse. Tore viste oss bilete av mellom anna t-skjorter med forskjellig print. Ein annan marknad vil klubblag, der trøyer skal vere like, uavhengig om det er ein liten modell eller ein stor.

Å kunne teste fasongen i bevegelse er og ein fordel, men igjen, avatarane er foreløpig «harde», so det er litt igjen før den blir meir levande.

Printing vil og erstatte mange prototyper og igjen spare tid og ressursar.

Og kanskje vil vi i framtida kunne få ein virutell følese gjennom mobiltelefonen vår?

Kort fortalt vil forretningsideen vere:

- bodyscan

- bestill

- produser ditt produkt no nær som mogeleg, teknisk, print/mønster og så bortetter

- pakk og distribuer til kunde

Etter presentasjonen vart det mellom anna diskutert moglegheiter for møbel, der fokuset naturleg vil vere på sparing av tid og miljø.