Årsmøte, Vestlandske krets 2019

07.10.2019

Årsmøte TTF Vestlandske Krets

Tirsdag den 01.10.2019

22 gjester, derav 18 medlemmar, vart ynskja velkomen til Øvre Eide Gard i Åsane av leiar Marion Romslo. Det vart servert ein nydeleg fiskesuppe som start på møtet, der deltakarane fekk roa ned i godt selskap og drøsa om jobb, livet og anna som er kjekt å prata om når ein møter gode kollegaer.

Årsmøte vart gjennomført på vanleg vis, før dagens foredragshaldar designar Anne Lise Tollefsen fekk ordet. Ho presenterte seg som jenta som i ungdommen boltra seg i eit fantastisk stoffutval i Dale Fabrikker sitt utsal i «gatå». Dette inspirerte henne til å ta utdanning og etablera seg som designar med eige atelier i Bergen. I dag lagar ho årleg kolleksjonar, nokre av plagga produserer ho opp for sal, nokre vert produsert etter mål for kundar. Brudekjolar er også etterspurde produkt frå henne. Elles så har ho ein del artistkundar som det jamleg vert utvikla produkt til, som til dømes Herborg Kråkevik og Silje Nergaard. Her vart det vist produkt utvikla over mange år, også gjenbruk og oppdatering av tidlegare leverte produkt vert gjort.

Naturen er ei viktig inspirasjonskjelde for Anne Lise. Dette finn ein gjerne i trykk på stoff, men kjem også delvis fram som inspirasjonen då ho i samarbeide med Sylvsmidja på Voss utvikla ei smykkedesignlinje kalla Spor.

Symeisterskapet, ein TV-serie som no er aktuell på NRK1, var siste bit av hennar foredrag. Ho er i dette programmet fagansvarleg, og lagar og kvalitetssikrar alle oppgåvene som blir gjennomførd. Dette gjeld inspirasjon, design, konstruksjon og tidsberekningar. Tema for årets serie er gjenbruk, men tilpassa dagens motar både på materialar, fargar og mønsteruttrykk. Innspelinga speglar akkurat det som kjem i TV-ruta til dette populære programmet, svært hektisk, stor nerve og masse god fagkunnskap.

Me takkar Anne Lise for eit spanande foredrag, og ekstra kjekt er det han ho i løpet av kvelden vart eit nytt medlem av TTF.

Styret takkar alle frammøtte for at dei kom, deltok og skapte ei særs hyggeleg ramme for årets arrangement. Me takkar også for flotte gåver frå bedriftene til vårt lotteri! Dette gjev oss moglegheit til å sponse møta, og ikkje minst får me sjå, visa, og lodde ut dei vakre produkta!

Referent: Lorents

Redigert av Bergljot for å legge ut på nettsida.