Temakveld, Vestland

24.02.2020

Godt 25 medlemmar- og andre som er glad i tekstilbransjen, var samla til TTF-Vestlandske krets sitt andre temamøte. Me vart som vanleg tatt godt imot hjå Oleana, og heile arrangementet vart gjennomført i Fargeriet Kafé.

Etter eit særs godt måltid med gulrotsuppe og brød bakt på plassen, var det tid for foredrag. Dette stod ein særdeles tøff designar og gründer for. Marie Leiknes i Leiknes Knitwear med designutdanning frå Storbritannia og Oslo, fortalte om hennar veg ifrå utdanning, via val om at ho ikkje ynskja å leva livet i ein storby, til etablering av eigen design- og strikkefabrikk på Fitjar. Det var eit spanande foredrag rundt kva fokus ho hadde på dei ulike designskulane, og kva ho tok med seg inn i det nystarta firmaet. Basert på ei Stoll 7.2 Multigaugemaskin utviklar ho primært klassiske dameklede som skal ha lang levetid. Hennar mål er å få gjort mest mogeleg på strikkemaskin.

Etter halvanna år med masse eigeninnsats har no sett moglegheita til å tilsetja ein person som hjelper med saum. Firmaet har fem butikkar som kundar, i tillegg er det nettsal som har vore fokus til no. Mål er å utvida begge distribusjonane. Som teknisk utdanna fann eg det særs interessant å høyra om korleis hennar interesse og fokus gjennom utdanninga gjekk frå primært det kreative, til at teknikken vart mest interessant og korleis ho søkjer etter dei gode, tekniske løysingane og at ho finn mykje inspirasjon i dette.

Kvelden vart avslutta med Margareth og Jan Eirik som hadde ein tekstilquiz, og sjølvsagt måtte dei testa oss på kor mykje me fylgde med på foredraget. Om det vart litt ymse på generelle spørsmål, så vart det høg score på spørsmåla om Leiknes Knitwear, foredraget var fengande.

TTF-Vestlandet føler at me har skapt eit godt arrangement for medlemmane, og at dette vil bli ein tradisjon. Me takkar for deltakinga og ser fram til nye arrangement både lokalt og nasjonalt.

Referent Lorents