TTF sommartreff i Mjøsvågen!
Den flytande kunstbadestova Flabellina er varm allereie kl.16 for dei som ønsker å starte her, med moglegheit for å kombinere varmen med eit friskt fjordbad.
Den Grøne Fabrikken ligg idyllisk til innst i Mjøsvågen med eige kunstutstilling og galleributikk.Lars Magne Bysheim tek oss med på ei reise i industrihistorien i Mjøsvågen og Den Grøne Fabrikken, og kunstnar Else Karin Tysse Bysheim presenterer arbeidet sitt med ulike kunstprosjekt.
Det blir servert nydeleg lokal tapas og det blir gode moglegheiter for å senke skuldrane i ei kreativ atmosfære. Her blir det godt med tid for både inspirasjon og nettverksbygging i godt lag.
16-17:30 Badestove for dei som ønsker det - husk påmelding
16-18 Mingletid etterkvart som folk kjem til
18:00 Tapasmiddag
ca.19:30 Foredrag v/Bysheim og Tysse BysheimPresentasjon av kunstutstilling og open galleributikk
ca.21:30 Vi takkar for oss:-)
Medlem 250,-Ikkje medlem 350,-
Badstu 100,- husk å oppgi v/påmelding
Alle med tekstilinteresse er velkomne, og medlemmar frå begge kretsar er sjølvsagt hjarteleg velkomne!
Sjekk ut dengronefabrikken.no som er både på Facebook og Instagram